Modulproduksjon

 

Info

Stad Kystbygg har utvikla eit modulkonsept som gjer transporten og byggemetoda, svært effektiv. I tillegg kan vi nærmast eliminere tørketida. Dette konseptet lar deg bruke fantasien til å skape akkurat det du ynskjer med fem ulike modular. Modulane er sett saman av veggelement og bjelkelag, der modulane er stabla inni kvarandre. Nedenfor vil du sjå flere produkt basert på dette konseptet.

Hytte

Er du på leit etter ei hytte, anten til fjells eller midt i eit hyttefelt? Vi har utvikla fem modular som kan setjast saman til den hytta du ønsker. Vi har allereie ferdig utvikla ei hytte og fleire variantar vil kome. Vi leverar hyttene nøkkelferdige og ferdig møblert, eller berre “skalet”, klar til eigeninnsats.

Ta kontakt for å få din draumehytte.

Mikrohus

Stad Kystbygg har ferdig utvikla eit mikrohus basert på modulkonseptet vårt. Eit mikrohus er under 30 kvadrat, men består av dei same funksjonane som eit hus.


Vi er klare til å levere så snart forskrifta om energikrav for hus under 30 kvadrat vert vedteke. Vi kan likevel levere denne modulen som hytte. Ta kontakt om dette er av interesse.

Sauna

Ser du etter det lisje ekstra? Kva med ei badstu på hytta, heime eller til badelaget? Vi har allereie utarbeidd to typar badstuer. Ei på 19 kvadrat for badelag, hotell og næringsverksemd, og ei på 10 kvadrat for privatpersoner og mindre næringsaktørar. Ta kontakt for pristilbud.